Vil at forvaringsdømte skal ha fotlenke på permisjon
2139
post-template-default,single,single-post,postid-2139,single-format-standard,theme-elision,elision-core-1.0.11,woocommerce-no-js,qodef-back-to-top--enabled,,qode-essential-addons-1.5.5,ajax_fade,page_not_loaded,qode-theme-ver-4.5,wpb-js-composer js-comp-ver-6.10.0,vc_responsive

Vil at forvaringsdømte skal ha fotlenke på permisjon

  |   Media
Saken er hentet fra NRK

 

Allereie i fjor anbefalte Kriminalomsorgen ei moglegheit for fotlenke under permisjon for farlege kriminelle. No vil Frp og Høgre innføra forslaget.
I 2012 vart Stig Millehaugen dømt til lova si strengaste straff på 21 års forvaring og ti års minstetid for drap.
Onsdag slo politiet alarm då han ikkje kom tilbake til Trondheim fengsel etter permisjon.

 

Allereie i fjor sommar anbefalte Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) å opna for bruk av fotlenke med GPS for forvaringsdømte på permisjon eller prøvelauslating.
– Det er fordi mange som har forvaring har alvorlege dommar, og av sikkerheitsmessige omsyn meiner me at denne gruppa burde vurderast for fotlenke.

 

Det seier direktør i KDI, Lise Sannerud. Ei fotlenke kunne også gjeve fleire innsette moglegheit til å få permisjon, seier direktøren.
Anbefalinga ligg framleis hos Justisdepartementet.

 

Vil ha fotlenke som minstekrav
I fjor gav kriminalomsorga ut rundt 22.000 permisjonar. Ifølge Sannerud var det 14 tilfelle der den innsette ikkje kom tilbake til rett tid.

 

I lys av Millehaugen-saka, vil leiar i justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp), fremma eit forslag om å setta fotlenke på farlege innsette under permisjon.
På spørsmål om kvifor han ikkje fremma forslaget då han sjølv var justisminister, svarer Amundsen at han synast det var overraskande at Millehaugen ikkje fekk fotlenke.
– Det oppfattast som eit hol i systemet, fordi det er ikkje nytt for justissektoren å bruka elektronisk kontroll.
Enn så lenge har ikkje KDI moglegheit til gje fotlenke til innsette som skal ut på permisjon.
Justispolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, meiner det i utgangspunktet er problematisk at forvaringsdømte slepp ut på permisjon.
– Denne saka demonstrerer absolutt at det kan gå gale. Her må me sjå på nye tiltak, seier han.
Han peiker på at desse fangane er folk rettssystemet har sagt at samfunnet må beskyttast ekstra mot.
Derfor meiner han justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) bør sjå på om retningslinjene for forvaringsdømte er gode nok.
– Dette kan justisministeren ta i tak i med ein gong, seier Stensland.
NRK har enno ikkje lykkast med å få ein kommentar frå Justisministeren.
– Høyrast ut som ei livstidsdom

 

Johan Lothe er leiar i stiftinga Wayback, som jobbar for kriminelle si tilbakeføring til samfunnet. Han har sjølv sete i fengsel.
– For oss så høyrast dette ut som ei livstidsdom. Det verkar som at Frp ikkje er interessert i at dei som er dømt skal koma tilbake til samfunnet.
Lothe peikar på at det er vanskeleg for dei forvaringsdømte å få permisjon i utgangspunktet, og når dei får det er det snakk om nokon få timar.
– Det er ikkje noko motivasjon for dei domfelte for å gjera det som skal til for å bli gode samfunnsborgarar.
Stiftinga meiner ei fotlenke på permisjon er feil måte å gå fram på, og at det er feil at ein person skal føra med seg konsekvensar for så mange andre.
– Du kan stikka av med ei fotlenke også.
På den andre sida meiner han det kan vera eit greitt tiltak om det er snakk om ein lengre permisjon med overnatting.

 

 

Treng ei grundig vurdering
Forslaget som kom i juli 2021 ligg framleis hos justisdepartementet. Justisministeren har ikkje hatt høve til å kommentera saka overfor NRK.

 

Nestleiar i justiskomiteen, Maria Aasen-Svensrud (Ap), meiner forslaget frå Amundsen må diskuterast grundig og at dei må setta seg inn i anbefalingane frå KDI.
– Viss noko av det som trengst for å få sikra gode rutinar rundt permisjonsordninga er ein GPS, så må me gjera ei vurdering på det.
Aasen-Svensrud har ikkje sett anbefalinga frå KDI sjølv, men meiner forslaget frå Amundsen er litt prematurt.
– Styrkar den totale sikkerheita
Justisdepartementet bad i starten av 2021 Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) om anbefalingar knytt til elektronisk kontroll, altså bruk av fotlenke.

 

«Digitale kontrolltiltak vil medføre at det kan gjennomføres både hyppigere
og mer effektive kontroller og at den totale sikkerheita styrkes betydelig», heiter det i utgreiinga frå KDI.

 

Dei anbefalte derfor å opna for å bruka fotlenke med GPS på forvaringsdømte som er på perm eller som er prøvelauslaten, opplyser KDI til NRK.
Om personen som er på permisjon beveger seg utanfor permisjonsområdet, vil alarmen gå av. Tilsvarande vil og skje om personen klipper av seg fotlenka, forklarar KDI.
Direktør Sannerud fortel at fotlenka også kan vera tidsinnstilt, slik at alarmen vil gå om den innsette ikkje er tilbake innan rett tid.